Nye bilder

PIZZAKVELDAR i Valen kyrkje

Lørdag 11. september og lørdag 20. november kl 18 – 20 inviterer Ti-To, SVUSH og Søndagsskulen på Husnes til PIZZAKVELD i Valen kyrkje for heile familien! Dette er samlingar retta mot alle, både unge og eldre. Det vert ein programdel med underhaldning, andakt og song før det vert servert pizza frå Peppes. Etterpå kan dei vaksne la praten gå medan det vert ulike leikar, spel og aktivitetar for borna. Det er ikkje sett noko fast pris for å vera med på pizzakveldane. Kvar og ein betaler det dei synes kvelden er verd.

Det vert ei enkel avslutning i 8-tida, men dei som har mulighet og lyst, er velkomne til å vera lengre! Me håpar du tek turen og blir med!

SVUSH starter opp igjen etter ferien!

Etter ein lang ferie starter SVUSH opp igjen med øvingar på Husnes bedehus. Me har lyst til å ha kor, men då treng me mange sangglade born frå 2. klasse og oppover! Så få med deg mange venner og kom! Dersom det ikkje kjem mange nok, står kanskje koret i fre for å bli nedlagt…

Så DU må komme – og DU må ta med deg mange! Dersom du har tid og lyst…..

Julefest på Husnes bedehus

06.01.2010

GODT NYTT ÅR! Måndag 4. januar var det mange som hadde teke turen på Julefest på Husnes bedehus. Det var speidaren, søndagsskulen og SVUSH Barnegospel som inviterte til denne tradisjonelle festen. Britt Huse, som er leiar både i søndagsskulen og i SVUSH, leia oss trygt gjennom eit allsidig program.

Myldredag på Husnes

DSC 0088

Laurdag 17. oktober inviterte Svush barnegospel, Speidaren og Søndagsskulen på Husnes til Myldredag på Bedehuset. Store og små kosa seg ute i det fine haustværet. Dagen starta med aktivitetar av ymse slag. Her kunne ein prøve seg på pilkast på ballong, hesteskokasting, ringspel, livlinekasting, melkespann-holding ,pinnebrød steiking og masse anna gøy. Rundt 100 stk hadde teke turen til bedehuset denne fine dagen.

Barnegospelfest i Rosendal

SEVEN (3)

Laurdag 12. september inviterte Kvinnherad sokneråd og Gospel Kids til Barnegospelfest i Rosendal samfunnshus. Alle born frå 2. klasse og oppover kunne få vera med og synge saman med den populære kristne jente-gruppa Seven.

Då er me i gang igjen!!

Det var godt å få begynda igjen etter ein lang sommar-pause. Ein flott gjeng møtte opp på begge kora.

Og at me har fått ein song glad gjeng er nå heilt sikkert. Glede oss til å læra dåken songane endå bedre, + mange andre nye sangar.

Barnegospelfest med Seven

seven

Laurdag 12. september håpar me at mange av barna i det eldste SVUSH-koret blir med til Rosendal. Då er det i Rosendal Samfunnshus det skjer. Alle songglade born frå 2. klasse og oppover inviteres til stor Barnegospelfest. Jentegruppa Seven kjem og vert med. Les meir på www.kyrkja-kvinnherad.no

Nå har eg lyst til å synga igjen!!!!!!!!

Er du klar? Det er me. Glede oss masse til å treffa gamle og nye medlemmer.

I haust vil me ha 2 kor. Eit for dei frå 4år- tom. 1kl. Og så for dei frå 2kl og oppover.

Søndagssamling og avslutning!

Søndag 26. april var det søndagssamling på Husnes bedehus. Denne gongen kombinerte me søndagssamlinga med våravslutning for både SVUSH og søndagsskulen på Husnes. Her kan du sjå ein del bilete frå samlinga. For å lesa litt om korleis me hadde det, og sjå fleire bilete, kan du gå til Husnes søndagsskule sine sider.

SVUSH

Følges av 6 medlemmer.

SVUSH Barnegospel er for alle frå 2. klasse og oppover. Me har øving annakvar mandag kl 17.30-18.30 på Husnes bedehus. Mer om sonen

Origo SVUSH er en sone på Origo. Les mer
Annonse