Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kvardag (onsdag 6. januar 2010). Les mer om roperten…

Julefest på Husnes bedehus

06.01.2010

GODT NYTT ÅR! Måndag 4. januar var det mange som hadde teke turen på Julefest på Husnes bedehus. Det var speidaren, søndagsskulen og SVUSH Barnegospel som inviterte til denne tradisjonelle festen. Britt Huse, som er leiar både i søndagsskulen og i SVUSH, leia oss trygt gjennom eit allsidig program.

Born frå søndagsskulen hadde eit flott opptrinn der nokre hadde kledd seg ut som Josef og Maria og dei tre vise menn. Resten av borna kom hand i hand og heldt lys i hendene medan det vart spela ein flott song på CD om underet som skjedde i stallen i Betlehem.

SVUSH har i haust hatt eitt kor for dei frå 4 år t.o.m. 1. klasse og eitt kor for 2. kl og oppover. På festen song dei eit par songar ilag, og til slutt song dei eldste to songar for oss. Dei eldste hadde og eit flott dramastykke der dei stod i ring rundt Jesus-barnet i krybba.

Ein speidar sitt motto er “Vær beredt!” Og speidarane måtte og opp på podiet, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje hadde funne fram til noko dei ville delta med i programmet. Dei gjekk saman tre og tre, og fekk ulike utfordringar av Britt som dei gjennomførte med glans. Før dei gjekk og sette seg igjen fekk me høyra Speidarbøna.

Elisabeth Fauskanger som jobbar i søndagsskulekrinsen hadde andakten på julefesten. Ho fortalde m.a. om ein gut på 7 år som hadde svara at me feirer jul til minne om at Jesus vart fødd. Men kven Jesus var, ja, det hadde han ikkje pipling på… Elisabeth fortalde oss ein heil del om kven Jesus er, og ho poengterte at det er difor me har speidar, søndagsskule og SVUSH o.l. Stader der ein kan koma og bli bedre kjent med Jesus.

Etter ein flott programdel var det tid for mat, og festen vart avslutta med gang rundt juletreet. Heile 2 og ein halv ringar vart det rundt treet denne kvelden!

Tusen takk til alle for ein flott fest! Søndagsskulen tek til med sine samlingar søndag 17. januar, SVUSH har første øving mandag 25. januar. Speidaren sin oppstart var ikkje heilt klarlagt enno.

Vist 207 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder