Forum: Åpent forum

PIZZAKVELDAR i Valen kyrkje

Lørdag 11. september og lørdag 20. november kl 18 – 20 inviterer Ti-To, SVUSH og Søndagsskulen på Husnes til PIZZAKVELD i Valen kyrkje for heile familien! Dette er samlingar retta mot alle, både unge og eldre. Det vert ein programdel med underhaldning, andakt og song før det vert servert pizza frå Peppes. Etterpå kan dei vaksne la praten gå medan det vert ulike leikar, spel og aktivitetar for borna. Det er ikkje sett noko fast pris for å vera med på pizzakveldane. Kvar og ein betaler det dei synes kvelden er verd.

Det vert ei enkel avslutning i 8-tida, men dei som har mulighet og lyst, er velkomne til å vera lengre! Me håpar du tek turen og blir med!

SVUSH starter opp igjen etter ferien!

Etter ein lang ferie starter SVUSH opp igjen med øvingar på Husnes bedehus. Me har lyst til å ha kor, men då treng me mange sangglade born frå 2. klasse og oppover! Så få med deg mange venner og kom! Dersom det ikkje kjem mange nok, står kanskje koret i fre for å bli nedlagt…

Så DU må komme – og DU må ta med deg mange! Dersom du har tid og lyst…..

Me har øving annakvar mandag kl 17.30-18.30 på Husnes bedehus. Første øving i haust vert mandag 30. august!

Helsing Britt & Olaug ;o)

Julefest på Husnes bedehus

06.01.2010

GODT NYTT ÅR! Måndag 4. januar var det mange som hadde teke turen på Julefest på Husnes bedehus. Det var speidaren, søndagsskulen og SVUSH Barnegospel som inviterte til denne tradisjonelle festen. Britt Huse, som er leiar både i søndagsskulen og i SVUSH, leia oss trygt gjennom eit allsidig program.

Born frå søndagsskulen hadde eit flott opptrinn der nokre hadde kledd seg ut som Josef og Maria og dei tre vise menn. Resten av borna kom hand i hand og heldt lys i hendene medan det vart spela ein flott song på CD om underet som skjedde i stallen i Betlehem.

SVUSH har i haust hatt eitt kor for dei frå 4 år t.o.m. 1. klasse og eitt kor for 2. kl og oppover. På festen song dei eit par songar ilag, og til slutt song dei eldste to songar for oss. Dei eldste hadde og eit flott dramastykke der dei stod i ring rundt Jesus-barnet i krybba.

Ein speidar sitt motto er “Vær beredt!” Og speidarane måtte og opp på podiet, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje hadde funne fram til noko dei ville delta med i programmet. Dei gjekk saman tre og tre, og fekk ulike utfordringar av Britt som dei gjennomførte med glans. Før dei gjekk og sette seg igjen fekk me høyra Speidarbøna.

Elisabeth Fauskanger som jobbar i søndagsskulekrinsen hadde andakten på julefesten. Ho fortalde m.a. om ein gut på 7 år som hadde svara at me feirer jul til minne om at Jesus vart fødd. Men kven Jesus var, ja, det hadde han ikkje pipling på… Elisabeth fortalde oss ein heil del om kven Jesus er, og ho poengterte at det er difor me har speidar, søndagsskule og SVUSH o.l. Stader der ein kan koma og bli bedre kjent med Jesus.

Etter ein flott programdel var det tid for mat, og festen vart avslutta med gang rundt juletreet. Heile 2 og ein halv ringar vart det rundt treet denne kvelden!

Tusen takk til alle for ein flott fest! Søndagsskulen tek til med sine samlingar søndag 17. januar, SVUSH har første øving mandag 25. januar. Speidaren sin oppstart var ikkje heilt klarlagt enno.

Myldredag på Husnes

DSC 0088

Laurdag 17. oktober inviterte Svush barnegospel, Speidaren og Søndagsskulen på Husnes til Myldredag på Bedehuset. Store og små kosa seg ute i det fine haustværet. Dagen starta med aktivitetar av ymse slag. Her kunne ein prøve seg på pilkast på ballong, hesteskokasting, ringspel, livlinekasting, melkespann-holding ,pinnebrød steiking og masse anna gøy. Rundt 100 stk hadde teke turen til bedehuset denne fine dagen.

Etter aktivitetar, mat og lynlotteri ute, var det tid for samling inne. ”Vimselur ” kom på besøk. Barnekoret Svush song i to avdelingar. Først var det dei minste frå 4 år – 1. kl som sang for full hals at ”Jesus vil gå med deg, han vil bevare deg og beskytte deg og gå foran deg!”. Etterpå hadde Marit frå Indremisjonssamskipnaden ein kreativ andakt . Ho fekk heile forsamlinga med seg under andakten om Josva som gjekk over Jordan-elva og inn i Israel. Etter andakten var det dei eldste barna i Svush sin tur. Dei song av hjartans lyst: ”Jesus det er Du som gjør meg glad For deg vil jeg hoppe og danse. Jesus det er Du som gjør meg glad for deg vil jeg juble og synge.”

Takk til alle små og store som kom og var med på denne flotte dagen. Uten dåke hadde det ikkje vorte noko av Myldredagen.

Helsing leiarane.

DSC 0102

Barnegospelfest i Rosendal

SEVEN (3)

Laurdag 12. september inviterte Kvinnherad sokneråd og Gospel Kids til Barnegospelfest i Rosendal samfunnshus. Alle born frå 2. klasse og oppover kunne få vera med og synge saman med den populære kristne jente-gruppa Seven.
Vél 30 born vart med i koret. Her var born frå bygdene rundt Rosendal, men og nokre frå ytre luten av kommunen. Frå SVUSH var det fire jenter som var med.

Borna møtte til øving kl 13 og øvde fram mot konserten som skulle vera kl 17. Det kom bra med folk på konserten, og dei frammøtte fekk oppleva ein sprudlande gjeng som song friske songar om alt frå Jesus, Bibelen, vennskap og forelskelse.

SEVEN

SEVEN (2)

SEVEN (1)

Då er me i gang igjen!!

Det var godt å få begynda igjen etter ein lang sommar-pause. Ein flott gjeng møtte opp på begge kora.
Og at me har fått ein song glad gjeng er nå heilt sikkert. Glede oss til å læra dåken songane endå bedre, + mange andre nye sangar.
Me har plass til enda fleire. Bur du i Herøysund, Husnes, Valen, Sunde, Sandvoll eller Utåker, så er det berre til å møta opp annakvar mandag på bedehuset på Husnes.

Barnegospelfest med Seven

seven

Laurdag 12. september håpar me at mange av barna i det eldste SVUSH-koret blir med til Rosendal. Då er det i Rosendal Samfunnshus det skjer. Alle songglade born frå 2. klasse og oppover inviteres til stor Barnegospelfest. Jentegruppa Seven kjem og vert med. Les meir på www.kyrkja-kvinnherad.no

Nå har eg lyst til å synga igjen!!!!!!!!

Er du klar? Det er me. Glede oss masse til å treffa gamle og nye medlemmer.
I haust vil me ha 2 kor. Eit for dei frå 4år- tom. 1kl. Og så for dei frå 2kl og oppover.
Me starter først med dei yngste kl 17.30-18.15. Me har gått ned eit kvarter på tida, fordi me har merka at ungane ikkje klare å holda fokus så lenge.
Så er det dei eldste sin tur. Me starte kl 18.30-19.30. Håpe på å få mange av dei som har slutta før med oss igjen, og så klart mange nye sangfuglar.
Me har klar mange nye sangar, så detta kan bli veldigt bra. Men me trenge DEG!!!!!
Så nå håpe me du komme og at du tar med deg mange venner.
Glede oss masse til å treffa deg den 31.aug på Bedehuset på Husnes:)

Camilla, Olaug og Britt.

Søndagssamling og avslutning!

Søndag 26. april var det søndagssamling på Husnes bedehus. Denne gongen kombinerte me søndagssamlinga med våravslutning for både SVUSH og søndagsskulen på Husnes. Her kan du sjå ein del bilete frå samlinga. For å lesa litt om korleis me hadde det, og sjå fleire bilete, kan du gå til Husnes søndagsskule sine sider.

Annonse