| Linker til ▬►▬►[ HUSNES BEDEHUS ] [ Speiderene ] [ Nattcafe ] [ Søndagskulen ] [ Husnes Indremisjon ] [ Barnehagen ] [ Babysong ] [ Indremisjonsamskipnaden ]
Myldredag på HusnesLaurdag 17. oktober inviterte Svush barnegospel, Speidaren og Søndagsskulen på Husnes til Myldredag på Bedehuset. Store og små kosa seg ute i det fine haustværet. Dagen starta med aktivitetar av ymse slag. Her kunne ein prøve seg på pilkast på ballong, hesteskokasting, ringspel, livlinekasting, melkespann-holding ,pinnebrød steiking og masse anna gøy. Rundt 100 stk hadde teke turen til bedehuset denne fine dagen. Etter aktivitetar, mat og lynlotteri ute, var det tid for samling inne. ”Vimselur ” kom på besøk. Barnekoret Svush song i to avdelingar. Først var det dei minste frå 4 år – 1. kl som sang for full hals at ”Jesus vil gå med deg, han vil bevare deg og beskytte deg og gå foran deg!”. Etterpå hadde Marit frå Indremisjonssamskipnaden ein kreativ andakt . Ho fekk heile forsamlinga med seg under andakten om Josva som gjekk over Jordan-elva og inn i Israel. Etter andakten var det dei eldste barna i Svush sin tur. Dei song av hjartans lyst: ”Jesus det er Du som gjør meg glad For deg vil jeg hoppe og danse. Jesus det er Du som gjør meg glad for deg vil jeg juble og synge.” Takk til alle små og store som kom og var med på denne flotte dagen. Uten dåke hadde det ikkje vorte noko av Myldredagen. Helsing leiarane. Annonse | |||||||||||